Hopp til innholdet

Kunst i samtida med: Kornelia Remø Klokk 

Kunst i samtida er eit av fem hovedområder UngKunst fokuserar på. For korleis gjenspeglast eigentleg dagens samfunn i kunsten? Har kunsten og kvardagen noko med kvarandre å gjere? Og korleis påvirkar Internett kunstnar, kunstverk og betraktar? Gjennom praktisk arbeid og dialog med ein samtidskunstnar vil elevane få kjennskap til kva kunst i samtida kan være.

Ein av kunstnerane som skal gi elevane innblikk i dette er Kornelia Remø Klokk, som arbeider med metoder som både er analoge og digitale. Ho vart interessert i kunst gjennom gleda av å teikne som ung. Det å teikne og forme ting som kunne tilhøyre ei anna verd, var ein måte å flykte frå den lille bygda som ho vokste opp i og forestille seg korleis den store, vide verda kunne vere.

Kornelia Remø Klokk sitt kunstnerskap har si rot i posthumanisme, røyndomsflukt og spekulativ fiksjon, der ho undersøkjer kryssingspunktet mellom tru, kultur, røynd og teknologi. Gjennom ein «loop» av mytopoesis (ein fiktiv mytologi), verdsbygging og konstruert røynd, arbeidar Kornelia med verk der tiltru og symbolikk appellerar til sjåaren og lokkar dei inn i eit ukjent rike med endelause fragment av meining og meiningslausheit på søken etter interkonnektivitet. Dette vert presentert i form av tekstilkunst, video, multimedia-installasjonar og todimensjonale verk.

Under besøket vil kunstnaren fortelje litt om kunstnarskapet sitt og elevane skal utforske korleis ein kan bruke symbol og mønster til byggje sitt eige univers i form av perlemotiv. Kornelia brukar perler som ein del av praksisen sin til å lage skisser til billedvev samt bakgrunner til videoverk og elementer i installasjonar. Dette er eit materiale som er lett å arbeide med og som mange har eit forhold til frå barndommen. Denne kjennskapen og leikenheten til materialet presenterar mange ulike moglegheiter til å byggje opp eit bilete og utforske eit eige uttrykk. I tillegg til vanlege perler, vil det også takast i bruk perler som lyser i mørket og under UV-lys. Ved å bruke desse perlene saman med dei vanlege, vil elevane utforske korleis dei kan lage to bileter i eit motiv og korleis bruk av belysning kan forandre eit kunstverk.

Kornelia Remø Klokk (f. 1989, Sykkylven) er basert i Oslo. Ho har ein master i billedkunst frå Kunstakademiet i Oslo, og BA (Hons) i Painting & Printmaking frå Glasgow School of Art i Skottland. Klokk har hatt separatutstillingar på Galleri Memphis i 2021 og på K4 i 2019, samt ei duo-utstilling på Bærum Kunsthall i 2021, og har deltatt på ei lang rekke gruppeutstillinger i inn og utland, mellom anna Østlandsutstillingen i 2020 og The Wrong Biennalen i 2019. Klokk har også erfaring som kunstlærar ved New International School of Japan i Tokyo (2015 og 2016).

https://korneliaremoklokk.com